Tur til røykstova med hesteskyss?

På laurdagen (under Kulturdagane) frå klokka 13:00 skal den ny-restaurerte røykstova i Skjolden vere klar til bruk for alle som ønskjer det.

Røykstova, som opprinneleg har vore ei turkestove til å turke korn med, vart restaurert av Trygve Marthinussen m.fl. nyleg og opna i fjor. Denne er svært egna til røyking av mat, og her kan alle som ønskjer kome å røyke både kjøtt, fisk, ost m.m.

Trygve Marthinussen vil vere tilstades (kl 13:00-14:00) for å prate om stova og røyking av mat, samt presentere oppskrifter. røykstove-1-4Atle Ørbech Sørheim vil òg vere der og prate om mat og mattryggleik. Han var den som i si tid starta Mattilsynet.

Langt å gå? Røystova ligg omlag 300 meter frå Skjolden sentrum og tre hestar med vogner vil sørge for gratis skyss til og frå røykstova for dei som ønskjer det.

Kanksje har du noko du vil ha prøvd  å få røykt?

, , , , , ,