Klesdesign og Hardingfele på Husflidsbua

Print Friendly, PDF & Email
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Lill Jeanette Halbakken er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og har bachelor i klesdesign. Interessa for å sy våkna på 80-tallet igjennom faren hennar, som selde Elna symaskiner. Han lærde henne i ung alder å bruke symaskin og sidan har ymse kreasjoner vorte til.Oda Bolstad

Ho er nyinnflyttet på Skjolden og vil selje sine arbeider på Husflidsbua framover.

Eventen vil bestå av bilete av kle ho har laga, samt kle som skal seljast på Husflidsbua.

Ho har òg med folkemusikaren Oda Bolstad ifrå Skjolden iført ei av hennar kjoler, mens ho spelar Hardinfele. Oda Bolstad er medlem av Gamlebanken Spelemannslag.

 

Tid: laurdag 30. mai kl: 14:30
Stad: Husflidsbua på Fjordstova i Skjolden
Facebook-event
Inngang: gratis

, , , , , ,