Avslutningskonsert med «To purker og ein gris»

PB023395x

Me er så heldige å ha fått tak To purker og ein gris til avslutningskonserten vår i år.
Den vil føregå på Fjordstova i Skjolden søndag 31.05. kl 16:30.

Litt info om gruppa:
To purke og ein gris er opprinneleg ein trio av ungdommar frå Luster med ulike ståstader i musikken:
Norill Terese Norheim frå Hafslo trakterer toradar, har mange premiar frå kappleikar både lokalt og nasjonalt.
Mathilde Skjæret frå Jostedal er ein av landet sine største talent på hardingfele.
Henning Lad frå Gaupne syng og spelar gitar, og er musikalsk allsidig som få.
På kulturdagane vil desse tre få rutinert drahjelp frå Asbjørn Røneid, Arve Bjørn Røneid og Leif Arne Øvrebø, alle røynde musikarar frå Gaupne.
Saman vil desse sy saman eit variert program med både kjende tonar og musikalske overraskingar, med innslag frå ulike musikkstilar.

Hugs å del arrangementet med andre!

Tid: kl 16:30
Stad: Fjordstova.
Billettpris: vaksne kr 100, born kr 50.-
Facebook-event

Velkommen 🙂

, , , , , , , , ,